Ikeland Gard satsar vidare!Får 500 000 kr i støtte frå Innovasjon Norge for bygging av eige produksjonslokaleFoto:Tina MonslaupPå Ikeland Gard bur Kjersti Linn og Sigve Andreas Hopland. Sigve kjøpte garden for 22 år sidan, fast bestemt på at det var bonde han ville bli. Garden var ikkje i nærmaste slekt så Sigve tok ei stor avgjersle når han valte å flytte til Ikeland på Seim. Sigve trefte Kjersti Linn for 15 år sidan, og dei driv i dag garden i lag. Kjersti Linn kjem opphaveleg frå gard sjølv og har sidan ho var lita hatt stor interesse for gardsbruk. Kjersti Linn fortel at «Heime på hennar gard hadde dei tradisjon for å forvalte kjøtet som ein hadde frå dyra på garden». Ho og faren pleidde ofte å lage hjortepølse, kor dei blanda kjøtet frå hjort og får til dei flottaste pølser. Kjersti Linn har alltid vore glad i å lage mat, noko som også utdanninga hennar viser, ho er nemleg utdanna kokk, og har jobba på både hotell Norge, som ferskvare sjef og laga mat på sjukeheimar. Sigve og Kjersti Linn har blitt det perfekte team, og dei har saman skapt sin eigen arbeidsplass. Sigve er bonden, og Kjersti forvaltar råvarene på garden til flotte lokalmatprodukt som vert selt til kundar – både pløser, pinnekjøt og fenalår. I dag har dei rundt 40 sauer både spelsau og vanleg norsk kvit. Dei har også ti høns og to kattar. Mattradisjon er ein lærdomKjersti Linn har fått god opplæring av Magnhild Dyrdal, som er ein av Nordhordland sine mest kjente lokalmatprodusentar. Kjersti fortel at: «Eg og Magnhild pratar ofte i lag på telefon, og det er fantastisk å kunne få lære av henne». Ho har fått oppskriftene frå Magnhild, så lagar ho pølsene på sin måte, slik at ein får sitt preg på pølsene. Magnhild har i dei siste åra trappa ned produksjonen sin, så ho synest det er flott at Kjersti Linn tar over «stafettpinnen» for ho. Det at teknikkar og gamle mattradisjonar vert bevart er svært viktig, og noko som Kjersti Linn er svært bevisst på. Til dømes har dei bygd opp eit lite røyke - og tørkehus heime på garden, noko som har gjort det mogleg for dei å røyke og tørke produkta som dei lagar. Det er også viktig at produkta ikkje inneheld konserveringsmiddel, men at produkta er naturlege. Difor brukar Kjersti Linn å røyke kjøtpølsene med ore ved, dette gir pølsene ein flott raudfarge, noko som gjer at ei slepp å tilsette nitritt, noko som ofte vert gjort i masseproduksjon av liknande produkt. Frå hobby til "business"Kjersti Linn hadde lenge jobba som rekneskapsførar, men ettersom at ho og Sigve fekk to ungar så blei det betre å kunne jobba heima ifrå. Det var med det grunnlaget at ho valte å slutte i jobben, og ta opp att hobbyen; å lage pølser. Etter kvart forstod ho at dette ikkje berre kunne vere ein hobby, men også eit levebrød. Kjersti Linn og Sigve opprette dermed eit enkeltmannforetak, og tok fatt på registrering – og oppstartsarbeid av eige selskap. Dei fekk i 2012 investeringstilskot frå Innovasjon Norge og støtte frå Næringsfondet. Ein stor fordel i denne prosessen var at dei kunne få låne Alver Hjort sine produksjonslokale, desse var godkjende, og var kun eit steinkast unna garden. Dei har i all hovudsak selt produkta på marknadar, messer, i nokon butikkar og via nettstaden sin. Dei har ikkje hatt gardsutsal, noko dei har gjort bevisst for å skilje familielivet frå «businessen». Ho har vore heldig og overtatt fleire av kundane til Magnhild Dyrdahl, så ho har ikkje brukt mykje tid eller ressursar på marknadsføring. Men dette kan endre seg no, ettersom at produksjonen av produkta skal vakse i eigne produksjonslokale heime på garden. Til dømes har dei fått ein del marknadsføring gjennom å ha hatt eit innslag på P1 på programmet Naturens Verden, kor dei fortel om garden og lokalmatproduksjonen. Innovasjon Norge har gitt dei 500 000 kr for denne satsinga! Nordhordland Næringshage har vore delaktig i søknadskrivinga til Innovasjon Norge om det nye produksjonslokalet, og vi er så glad for at søknaden vart innvilga for Ikeland Gard. Ikeland Gard er ei godt døme på ei verksemd som driv med utvikling og vekst, og som satsar vidare for meirproduksjon. I dette produksjonslokale skal det vere både frys, kjøken, kontor, pauserom og varemottak. Den travlaste tida for Kjersti Linn og Sigve er på hausten, då er det ikkje rom for så mykje anna enn produksjon. Då får dei igjen slakta av eigne dyr frå Nortura, og begynner med forvaltningsporsessen av kjøtet. Heile familien er medPå Ikeland Gard er alle med å bidrar. Både Sigve og Kjersti og dei to ungane deira er full delaktig i å stelle og fôre dyra, samt at dei også kan vere med i produksjonen av pølsene. Kjersti Linn fortel at: «Det å vakse opp på gard er svært sunt for borna. Dei tek mykje ansvar og har mykje omsorg for dyra». Dette opplevde også vi i Næringshagen når vi var på besøk på garden, kor dottera kammar og klappar fint på sauene. «Dette er med på å gjere at sauen våre har det bra, og at dei trivast», fortel Kjersti Linn. Framtidsplanar Framtida ser lys ut for Ikeland Gard, og Kjersti Linn fortel at: «Vegen vert til mens ein går». Dei ser alle fram til å ta fatt på prosessen rundt det å bygge det nye produksjonslokalet, og ikkje minst komme i gang med meirproduksjon av produkta som dei sel. Dei ser ikkje vekk i frå at ein kanskje kan drive med nokon tilleggstenester i tillegg til produksjonen om våren. Det er også rom for å tilsette nye medarbeidarar, visst etterspurnaden skulle bli så høg. Vi i Næringshagane for Utvikling og Vekst er utruleg stolte av Ikeland Gard, de er eit førebilde på ei verksemd som tenker vekst og utvikling! Vi ser fram til fortsetjinga, og gratulerer med innvilga søknad frå Innovasjon Norge! Vi er glad for at vi får vere med på å bidra i utviklinga av verksemda dykkar!
|
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om arrangement både i regi av næringshagen og andre. Arkiv
January 2019
Kategoriar
All
|