Næringshagane
  • Satsingsområde
    • Starte bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Om oss
    • Våre tenester
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg
      • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Handel
      • Kunst og kultur
      • Havbruk og maritim næring
    • Kontorplass/ møterom
  • Kalender
    • Påmelding
  • Aktuelt
  • Kontakt oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar

Månadens bedrift for juli: Heimalaga mat frå Pøylo AS

25/7/2018

Comments

 
I STRÅLANDE SOLSKINN frå ein knall blå himmel kjem vi fram til Stordalen Fjellstove denne julidagen. Her vert vi møtt av det smilande ekteparet Laila og Bjørn, gründerane av Heimalaga mat frå Pøylo AS, som nyleg overtok drifta av den tradisjonsrike fjellstova. Her skal dei kombinera vertskapsrolla med produksjon av smaksrike produkt.
- For oss er dette ein moglegheit vi rett og slett ikkje kunne la gå frå oss, fortel ekteparet, når vi spør «kvifor Stordalen»?
Picture
Før Stordalen dukka opp som alternativ hadde grunderane i lang tid sett seg om etter større lokale for å produsere dei etterspurde produkta sine. – Da me såg og las om moglegheitene i Stordalen fall ting på plass, me berre måtte gjera dette, seier Laila og Bjørn begeistra.

STARTEN PÅ PØYLO fann stad i 2015. Den gong da jobba Bjørn fulltid i Modalen kommune og Laila var fulltidstilsett i familieheim. Begge har allsidig og variert utdannings- og arbeidserfaring, men det var interessa for mat som gjorde at dei i vaksen alder ønska å satse på produksjon lokalmat.
​- Det byrja med ei spikepølse som eg lærte å lage på eit kurs hos Magnhild Dyrdal 2015 og sidan har det berre auka på, seier Bjørn.
Picture
Etter at det første kurset i pølsemaking var over, vart produksjonen raskt utvida til å inkludere fleire ulike pølse- og kjøttprodukter, i tillegg til lutefiskproduskjon til jul og honning i biesesongen. Kjøtet vart kjøpt frå slakteri, etter avtale med sognebønder i Brekke, Bjordal og Asheim. Produksjonen gjekk føre seg i ei veabu som dei bygde om til kjøken, og når det vart for lite bygde dei eige hus til produksjon, men så vart det òg for lite, og no er det altså produksjon på eit enda større produksjonskjøkken i Stordalen som står for tur.

​- I tillegg til produksjon av produkter av 1,5 tonn kjøtt i løpet av eit år så kom ettarkvart inn i cateringen, noko som tok mykje av plassen, fortel Bjørn.  - Planen var ikkje å kome inn i den businessen, men med vår filosofi om å ikkje seie nei når nokon spør, så var med plutselig inne likevel, mellom anna med leveringar i heile Eksingedalen.
Picture

PARALLELT MED ETTERSPØRSEL etter produkt og cateringtenester, har Bjørn gradvis trappa ned på den faste stillingsprosenten i Modalen kommune. Etter meir enn 30 år i 100% stilling gjekk det ned i stillingsprosent før jobben vart sagt opp like etter kontrakten med Stordalen var i boks.
- No gir me alt, me har ingenting å tape! Og skulle dette mot formodning ikkje gå slik me ønsker kjem me til å klara oss likevel, seier dei begge to.

DET ER IKKJE TIL Å KOME FRÅ at mange tykkjer det er imponerande og ikkje minst modig gjort å seie opp trygge jobbar i godt vaksen alder for å satse på noko litt meir usikkert.
- For å forstå litt meir av korleis me tenker, vil eg fortelje om dottera vår, seier Laila Me mista ho i sjukdom for 10 år sidan, og etter det ser me at alt anna ikkje er så farleg. Me må ta sjansene når dei byr seg, leve her og no, og ikkje ta oss sjølve så alt for høgtidleg.

For å være nær dottera har Laila fått jobben med å stelle kyrkjegarden på Eidslandet kor dottera er gravlagd. – Det er viktig for meg at det er stelt og pent rundt gravene, og jobben med plenklypping og stell gjer eg med glede. Det å stelle på kyrkjegarden er ikkje jobb for meg, det er terapi, det, seier Laila. 

Picture

EKTEPARET ER VAND MED HEKTISKE DAGAR OG LITE FRI. Dei gler seg no over at oppstarten på fjellstovedrifta går så bra og ser fram til alt som ligg føre. Ekteparet fortel at frå dei overtok og fram til no er det jamnleg folk innom for mat og overnatting, det er fleire «fastbuande» arbeidsfolk på fjellstova, og i august ventes mange hundre nye gjestar til blues-konsert 11.august og i samband med Bjørn- West- marsjen 19.august.
- Alle romma er booka i samband med desse arrangementa, men det er mogleg for alle å få seg ein matbete eller kome på konserten for dei som ynskjer det. Det kan være greitt å merke seg at i samband med konserten må maten bestillast på førehand, medan billettar kan kjøpast i døra eller bestillast på førehand til post@stordalenfjellstove.no.    
​
​
I TILLEGG TIL HAUSTENS ARRANGEMENT startar ekteparet opp med produksjon av kjøttprodukter i Stordalen allereie denne veka. Første produkt som vert produsert på fjellstova vert karbonadekaker (Pøyleburgar) og seinare i haust venter produksjon av pølser og julepålegg. Produkta kan ein få kjøpt på ulike butikkutsal i Eksingedalen i tillegg til Matkroken i Knarvik og på fjellstova.

FOR Å REKKE OVER ALT får Laila og Bjørn med seg ekstrahjelparar i samband med arrangement og når det er mange til bords i helgene. – Men skulle det være ein allsidig kokekyndig person der ute som er interessert i fast deltidsjobb vert me glade for kontakt, seier Laila før ho legg til: - Får me inn ein person som kan hjelpe til med matlaging og anna der det er behov eit par gonger i veka, så vil det være til stor hjelp for oss. Interesserte kan ta kontakt med post@nh-nh.no for spørsmål og søknad.
NÆRINGSHAGEN YNSKJER LAILA OG BJØRN LYKKE TIL som vertskap i Stordalen fjellstove og med utvida produksjon av Heimalaga Mat frå Pøylo AS sine  produkt, og ser fram til vidare samarbeid. 
​
Comments

STILLING LEDIG: Allsidig forretningsutviklar søkes til vår avdeling i Solund

18/7/2018

Comments

 
I samband med avtalen Nordhordland Næringshage har inngått avtale med Solund kommune om kommunalt næringsarbeid, samt auka etterspørsel etter tenestene våre, vil vi no styrke bemanninga vår i Solund med ein ressurs i 50% stilling.

Sentrale arbeidsoppgåver og ansvarsområde:
  • Forvalte og utføre sakshandsaming knytt til søknader om næringslån og næringsfond i Solund kommune
  • Rådgjeving i tilknytning til førstelinetenesta i Solund kommune.
  • Aktivt profilere tenestetilbodet til etablerarar og småskala næringsliv i Solund
  • Være diskusjonspartnar og rådgjevar for aktuelle gründerar, og ein pådrivar for forretningsutvikling av aktuelle idéar
  • Ansvar for oppfølging av eksisterande kundar, samt sal av tenestene våre til nye og eksisterande kundar
  • Aktivt drive forretningsutvikling og rådgivingtenester mot nye og eksisterande kundar / næringsliv for å fremje vekst og utvikling
  • Planleggje og gjennomføre kompetansehevande tiltak for bedriftene i næringshagenettverket
  • Representere næringshagen i ulike fora
  • Etablere og videreføre relevante nettverk og miljø
  • Sammen med dagleg leiar arbeide med prosjektleiing og tilretteleggje for bedriftsaktuelle utviklingsprosjekt
  • Aktivt bidra til å videreutvikle Nordhordland Næringshage
 
Vi søkjer deg som:
  • Brenn for business og kan bidra til utvikling for gründerar og eksisterande bedrifter
  • Har god og relevant erfaring innan bedrifts-utvikling og rådgiving
  • Har relevant høgare utdanning 
  • Har kunnskap om idé- og forretningsutvikling samt økonomi
  • Er strukturert og analytisk, ser mogelegheiter og har evne til å setje seg inn i strategiske utfordringar
  • Har gode kommunikasjonsevner både munleg og skriftleg
  • Er kunde- og resultatorientert og genuint opptatt av å skape gode kundeopplevingar
  • Er kreativ og initiativrik og likar å lykkast i samarbeid med andre
  • Er ein lagspelar og god på relasjonsbygging
  • Har integritet, er sjølvstendig og tåler eit høgt aktivitetsnivå
 
Kompetansekrav:
  • Relevant erfaring innan bedriftsutvikling og/eller offentleg forvaltning
  • 3 - 5 års utdanning på høgskulenivå (gjerne økonomisk, teknisk eller innovasjonsbasert)
Det er ein fordel om du har kjennskap til lokalt næringsliv i Solund. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr:
  • Mogelegheiten til å kunne påvirke utviklinga i Solund
  • Mogelegheiten til å bidra til utvikling av Nordhordland Næringshage som eit sterkt utviklingsmiljø for næringslivet i regionen
  • Utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklingsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stort ansvar for eigne arbeidsoppgåver. Stor friheit i eigen arbeidskvardag
  • Løn etter avtale - tiltreding snarast
Arbeidsstad:
Næringhagen sitt hovudkontor ligg i Austrheim. Arbeidsstad vil være i avdelinga i Solund. Reising må påreknast.
 
Om oss: 
Nordhordland Næringshage AS er eit innovasjons- og utviklingsselskap som arbeider for nyskapning, vekst og utvikling for og i næringslivet i Nordhordland  og Solund. Arbeidet vårt skal bidra til auka verdiskaping i dei bedriftene vi arbeider med. 

Deler av vårt arbeid er knytta til Det Nasjonale Næringshageprogrammet, eit distriktspolitisk verkemiddel som skal bidra til økt nasjonal verdiskaping. Programmet er administrert av SIVA. Vi er ein del av eit stort og landsomfattande kunnskapsnettverk med andre næringshagar, i tillegg til inkubatorar og andre innovasjonsmiljø.

Næringshagane for utvikling og vekst er eit samarbeid mellom Nordhordland Næringshage og Gulen og Masfjorden Næringshage, kor vi legg til rette for gode møteplassar, kurs og kompetanseheving for næringslivet og oppfølging av målbedriftene i næringshageprogrammet. Næringshagane sitt mål er å medvirke til ein region med utvikling og vekst av nye og eksisterande verksemder.

Nordhordland Næringshage har i dag fem ansatte. Nedslagsfeltet er Solund og alle kommunane i Nordhordland. Vi har over 40 avtalebedrifter i heile regionen.

Søknadsfrist: 15.august 2018

Søknad og CV sender du via lenke på www.finn.no, FINN-kode: 124625954 eller til epost post@nh-nh.no 
Comments

Næringshagen vant anbod med Solund kommune

9/7/2018

Comments

 
Nordhordland Næringshage og Solund kommune har nyss inngått avtale om kommunalt næringsarbeid, som inkluderer leveranse av fyrstelinetenester og forvaltning av næringsfond og næringslån for Solund kommune. Tenestene vart lagt ut på anbod 9.mai, og  25.mai låg den endelege avgjersla. Avtalen er i første omgang gjeldande for eit år med opsjon på ytterlegare eit år.
 
Nordhordland Næringshage har eit tett samarbeid med Gulen og Masfjorden Næringshage. Næringshagane utgjer eit samla kompetansemiljø med mykje ulik kunnskap og erfaring, og dei to samarbeidspartnarane vil begge bidra aktivt inn i arbeidet for kommunen.
Picture
Foto: Kjell Monstad
Administrasjonssjef i Solund kommune, Erik Askeland, og Næringshagane for vekst og utvikling, her representerte ved Veronica Haveland, Kate Benzen og Eldbjørg Ness, er godt nøgde med avtalen.


 -Det at me har fått på plass denne avtalen er viktig både for næringshagen si eiga utvikling og for vidare næringsutvikling i Solund. Vidare ser me og for oss at denne tenesta vert eit satsingsområde som næringshagane kan levere til fleire kommunar, seier Kate, dagleg leiar i Nordhordland næringshage AS. 

Nordhordland Næringshage AS har hovudkontor på Mastrevik Torg i Austrheim kommune, men er og  lokalisert i Solund med ein eigen avdeling. I Solund er her per dags dato tilsett ein ressurs i 40 % stilling, som saman med hovudavdelinga i Austrheim og Gulen og Masfjorden Næringshage, driv næringshagearbeid opp mot næringsliv og bedrifter i Solund gjennom Næringshageprogrammet og samarbeidsavtalar.  I samband med avtalen som nyss er inngått vil bemanninga i Solund bli styrka med ein ytterlegare ressurs med lokal tilknyting i 50% stilling.
Den auka bemanninga vår i Solund skal framover nyttast til forvaltning, rådgjeving og sakshandsaming knytt til søknader om næringslån og næringsfond, i tillegg til oppfølging av målverksendene våre i Solund, fortel Kate.
Av andre viktige oppgåver som Næringshagane skal til med i Solund inngår profilering av tenestetilbodet til etablerarar og småskala næringsliv i Solund, samt rådgjeving.
Utover dette vil og dei to daglege leiarane i næringshagane, Kate Bentzen samt Veronica Haveland i Gulen og Masfjorden Næringshage, frå august ha faste kontordagar på avdelinga på Hardbakke i Solund.
Her er alle som måtte ynskje å komme innom for ein prat eller eit møte velkomne.
Comments

Nydeleg sommartur til Solund

6/7/2018

Comments

 
Picture
I byrjinga av juli var det skipa til felles sommartur til Solund for alle tilsette i Næringshagane for vekst og utvikling (Nordhordland Næringshage og Gulen og Masfjorden Næringshage).  

Turen gjekk med hurtigbåt frå Vardetangen til Krakhella og med buss vidare til Harbakke for dei tilsette lokalisert på Austrheim, og med ferje frå Rutledal- Krakhellla for dei tilsette lokalisert på Vidsyn/Sløvåg. ​





​Vel framme i Harbakke vart me møtt av kollega Kjell Mongstad, Næringshagen sin deltidstilsette i Solund.  Frå Harbakke bar det vidare med postbåten ut til SolundMat, ei av våre målbedrifter,  med stopp krydra med gode historiar ved Litle- Færøy og NN (der posten vart levert). 
 
NYDELEG MAT OG OMVISNING HOS SOLUND MAT
Ved ankomst Solund Mat, som er lokalisert direkte på kaia i Ytrøy, vart me møtt av gründer og dagleg leiar Øyvind Lending. Her fekk vi servert nydeleg tilberedt villsau, fenalår, chilipølser og fantastiske pølser krydra med timian, og interessant prat om forretningstankar for vidare vekst og utvikling for verksemda. 
​Etter eit særdeles velsmakande måltid fekk  me omvisning og tid til ein prat med fleire av dei tilsette i produksjonslokala til verksemda før det bar attende til Harbakke med bil og ferje. 

NÆRINGSHAGANE I SOLUND
I Harbakke fekk vi høyre meir historie frå området fortald av Kjell, som  gjennom Næringshagen er utleigd som dagleg leiar for Norsk kystkulturakademi. Vi fekk òg helse på rådmann i Solund, som ytra begeistring for at Næringshagen no vert meir tilstades i kommunen gjennom avtalen som nyss er inngått om levering av fyrtelinetenester og forvaltning av næringsfond og næringslån for kommunen. 

BEDRIFTSBESØK HOS SOLUND VERFT
Vidare gjekk turen til Solund Verft, også ei av våre målbedrifter i Solund. Her fekk vi omvisning og god informasjon frå ny dagleg leiar, Morten Fuglum. Verftet er inne i ein meget god periode, og har årleg inne rundt 130-150 båtar for vedlikehald og reparasjon, i tillegg har dei hatt nokre nybygg. 

TAKK FOR OSS 
Turen vart avslutta med ein nydeleg dessert på Skafferiet i Hardbakke, ein spesialitet hos dei, beståande av gresk yoghurt servert med syltety laga av gulrot, alt heimelaga. Kombinasjonen av smakar og porsjonen var heilt perfekt, og satte med det prikken over i`en på ein allereie fantastisk dag. 
Me gler oss allereie til neste tur til Solund, og vidare samarbeid med bedrifter og kommune!
Alle foto: Tina Monslaup

Comments

700 000,- kroner meir i årleg støtte frå SIVA til Næringshagane for utvikling og vekst!

6/7/2018

Comments

 
Picture

 
Det er fantastisk å oppleve at SIVA er fornøgd med jobben som vi gjer i  Næringshagane for utvikling og vekst (Gulen og Masfjorden Næringshage og Nordhordland Næringshage). Etter ein revisjon av SIVA sin tilskotsmodell har Næringshagane fått fornya tillit og auka tilskot på heile 700 000,- kroner per år for den komande 3-års perioden.  

Dette er vi utruleg fornøgd med, og har allereie begynt å legge planar for hausten. Med auka tilskot vil vi ha moglegheit til å utvikle eige selskap, men viktigast av alt å kunne bidra til utvikling i fleire bedrifter, seier dagleg leiar, avd. Gulen, Veronica Haveland.
 

Tillit hjå SIVA
2017/2018 har vore spanande år for næringshagane.  I løpet av dei siste åra har det vore stort fokus på utvikling av næringshagane og ikkje minst samarbeidet mellom Nordhordland Næringshage og Gulen og Masfjorden Næringshage, noko  som har resultert i to nye forretningsutviklarar tilsett i 100% stilling, og eigen grafisk designar. 

Til saman har Næringshagane sju tilsette lokaliserte i Austrheim, Vidsyn/Sløvåg og i Solund. 

At vi har så mange på laget gjer at vi også har moglegheit for å utvikle oss, vi når større områder, kan ta på oss fleire oppdrag, og hjelpe fleire bedrifter. Dette er noko som SIVA har registrert, og vi får dermed auka tillit og auka støtte. Vi ser alle fram til fortsetjinga, seier dagleg leiar, avd. Austrheim, Kate Bentzen.


Kan hjelpe fleire
Næringshagane har tilbod til både gründerar og etablerte bedrifter, og har godt samarbeid med inkubatorar og næringshagar nasjonalt for å kunne tilby bedriftene i næringshagemiljøet det beste nettverket og kompetansen dette innehar.

Med auka støtte kan vi forsetje jobben vi gjer om å styrke forretningsmessig kompetanse hjå leiarar og tilsette i bedrifter, bidra med spissa forretningsutvikling og bidra inn i utviklingsarbeid og prosjekter hos våre målbedrifter, som vi bistår i å nå sine mål om vekst og utvikling, seier Kate. 

Dei auka midlane frå SIVA gjer at vi kan vidareutvikle eiga verksemd ytterlegare og på den måten bistå enda fleire verksemder, og fleire kan nytte våre tenester. Nye  målbedrifter er alltid velkomne hjå oss, så det er berre å ta kontakt, seier Veronica.

 
Tilknyting til næringshagen gjer meirverdi
Ein ny rapport frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) visar at bedrifter tilknytt ein næringshage eller inkubator har betre økonomisk utvikling enn samanliknbare føretak. Effektane er betydelege for bedrifta si verdiskaping, omsetning og tal tilsette.  

Dei positive resultata som kjem fram i rapporten kan indikere at deltaking i SIVA sine program er ein faktor som aukar sannsyn for suksess og bør tilleggas vekt når andre virkemiddelaktørar tildela støtte, seier Erik Fjærli, seksjonssjef i SSB. (henta frå Siva sin pressemelding 25.05.18)


​
Comments
<<Previous

    Kva skjer

    Her finn du interessant informasjon om arrangement både i regi av næringshagen og andre.

    Arkiv

    January 2019
    December 2018
    November 2018
    October 2018
    September 2018
    August 2018
    July 2018
    June 2018
    May 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    December 2017
    November 2017
    October 2017
    September 2017
    August 2017
    July 2017
    June 2017
    May 2017
    April 2017
    March 2017
    February 2017

    Kategoriar

    All
    KompetanseFORUM
    Ledige Stillingar
    Månadens Bedrift
    Medlemssamling
    Nyhende

    RSS Feed

  • Satsingsområde
    • Starte bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Om oss
    • Våre tenester
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg
      • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Handel
      • Kunst og kultur
      • Havbruk og maritim næring
    • Kontorplass/ møterom
  • Kalender
    • Påmelding
  • Aktuelt
  • Kontakt oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar