Det nærmar seg sommar og det er på tide med ein sommarfest!
Gulen og Masfjorden Næringshage og Nordhordland Næringshage ønskjer med dette å invitere alle våre mål - og medlemsbedrifter til sommarfest fredag 9. juni. Vi ønskjer óg å invitere andre bedrifter i regionen til samlinga. På menyen er det skalldyrbuffé, quiz og god stemning. Det vært óg DJ ut på kvelden. U39, Nordhordland Næringslag sitt nettverk for unge leiarar, har óg sommarfest i Kilstraumen denne kvelden så her vært det godt høve til å stifte nye bekjentskap og bli betre kjent med oss i Næringshagane. Det er mogeleg og overnatte i Kilstraumen om ein ønskjer dette, her er både rorbuer, leilegheiter og hytter. Sommarfesten har vi på vakre Kilstraumen Brygge frå kl. 19.00 Pris kr. 200,- pr. hovud for medlemmar, andre kr 395,- Meld deg og dine på innan 7. juni. Har du spørsmål om festen? Berre ta kontakt! Påmelding til: Kate: kate@nh-nh.no VELKOMEN !! |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om arrangement både i regi av næringshagen og andre. Arkiv
January 2019
Kategoriar
All
|