2017 - allereie 4 oppstartbedrifter ! Nordhordland Næringshage har hatt ei god tilgang på grüdera i 2017, dette kan bli eit rekordår for oppstartbedrifter i Nordhordland om dette forsett som dei første månadane, seier Solveig Lerøy, dagleg leiar i Nordhordland Næringshage AS. Fleire nyetableringar er oppe og går, og det er stadig påtrykk av gründara som er innom og drøftar moglegheiter. Lerøy dreg fram nokre av dei ferskaste knoppskytingane som alt no ber frukter her i Nordhordland. Alt 4.januar opna Nr1Fitenss og Linda Seljelid nytt express-studio på Mastrevik Torg etter å ha vore etalblert på Lindås i fleire år. Tilbodet har vorte teke godt i mot, og det er registrert trening både seint og tidleg. Vågar å satse Å hoppe av ei forholdsvis trygg, godt betalt og god karriere i oljebransjen for å starte opp for seg sjølv er ikkje alltid heilt vanleg. Det var nett det Tormod Brekke gjorde. No tilbyr han, gjennom det nystarta selskapet Heimekjært AS, tenester til både private og til bedrifter i heile Nordhordland. Etter mange år i oljebransjen tok Tormod eit val i 2016 om å etablere si eiga bedrift. Brekke vil kunne ta på seg vaktmeistertenester for bedrifter og tilbyr hjelp til hage, hus- og hytteeigara. Satsar friskt med E&E Frisørsalong Edyta Krawiek kjem frå Polen og har jobba på Mongstad i mange år. Ho er utdanna frisør og etter innskrenking i oljeindustrien satsar Edyta, som mange andre, på eige bedrift. E&E Frisørsalong opna 1.mars på Mastrevik Torg, og håpar på at Nordhordlendingane tek vel i mot Edyta tilbodet hennar. Frå vaskeri til Saltgruva Solveig Lerøy er glad over å kunne fortelje at det nyetablerte firmaet Saltair har gjort nettopp dette mogleg. Saltair og Nina Riple Brekke opna Saltgruve på Fonnes 25.februar. Dette er eit behandlingstilbod for dei som strevar med astmaplagar, plagar i forbinding med lunge-og bihulebetennelse, kols og allergi, og er eit unikt behandlingstilbod i Nordhordland. Riple Brekke har, i tillegg til lang erfaring innan oljeindustrien offshore, ein 3 åring Heilpraktikarutdanning. Med denne kompetansen kan Nina utover saltgruva Saltair tilby hjelp innan Intoleranse, øreakupunktur, og koppemassasje. Nina kan også gjennomføra DRT- analyse av kroppen din. Næringshagane for utvikling og vekst gler seg til å følgje bedriftene og hjelpe dei med utviklinga, og ber alle som ynskjer å satse om å ta kontakt, vi er her for å hjelpa! |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om arrangement både i regi av næringshagen og andre. Arkiv
January 2019
Kategoriar
All
|