Frukostseminar 23. mai kl 08.00 - 10.00 ved Vidsyn, Sløvåg Har du kontroll på rettar og plikter når det gjeld ferieavvikling, feriepengar og ferie ved sjukefråver? Magnus Legal inviterer i fellesskap med NAV og Gulen og Masfjorden Næringshage til frukostseminar om praktiske spørsmål om ferieavvikling. Vi går gjennom typiske problemstillingar som opptening av feriedagar, på kva tidspunkt arbeidstakarar kan eller må ta ut ferie, utbetaling av feriepengar, ferie ved sjukefråver m.m. Primært arbeidsgivarar, men også arbeidstakarar vil ha nytte av kurset. Program 08:00 Frukost og kaffi 08:20 Kva seier ferielova? Advokatfullmektig Alida Steinsland Berggraf oppsummerer det du treng å vite. 09:00 Feriespørsmål opp imot NAV-rettar. Wenche Irene Midthun fra NAV informerer. Deltaking på frukostseminaret er gratis, men av praktiske årsaker ber vi om påmelding innan 20. mai 2017 til epost: synnove@magnuslegal.no Vi legg opp til ei uformell samling der det vil verte gode høve til diskusjon og spørsmål. Velkomne! |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om arrangement både i regi av næringshagen og andre. Arkiv
January 2019
Kategoriar
All
|