Offentlege innkjøp Dato: 9. mars 2017 Tid: 11:00-12:30 Sted: Vidsyn, Sløvåg Visma Advokater inviterer i samarbeid med Gulen og Masfjorden Næringshage til gratis lunsjseminar Vi vil gå gjennom vanlege fallgruver og praktiske problemstillingar i innkjøpsregelverket, aktuelle spørsmål om innovasjonspartnarskap og ikkje minst dei nye reglane om offentlege innkjøp som gjeld frå 1. januar i år. Kva handlingsrom har private aktørar innanfor regelverket om offentlege innkjøp? I kor stor grad kan det offentlege forhandle med tilbydarane? Føredragshaldarane har lang røynsle innanfor fagfeltet offentlege innkjøp, både frå det offentlege sin ståstad og frå leverandørane si side. Deltaking på lunsjseminaret er gratis, men av praktiske årsaker ber vi om påmelding innan 7. mars 2017 til epost: synnove.sordal@visma.no Både offentlege og private verksemder vil ha nytte av seminaret. Vi legg opp til ei uformell samling der det vil verte gode høve til diskusjon og spørsmål. Det vert servert lunsj og kaffi. Velkomne! |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om arrangement både i regi av næringshagen og andre. Arkiv
January 2019
Kategoriar
All
|