Lokalmatprodusenten Solundmat leverer produkt av beste kvalitetLengst yters i Sognefjorden finn ein øykommunen Solund. Her ut, meir spesifisert i Ytrøygrend i Solund finn ein lokalmatprodusenten Solundmat, som blei etablert i 2011. Verksemda er lokalisert i dei gamle lokala til Ytrøy fiskemottak, som blei nedlagt i 2010. Etter full renovering av desse lokala kunne dei igjen bruke anlegget til matproduksjon. Solundmat produserer og sel matprodukta basert på kystlandskapet sine mest ettertrakta råvarer, nemleg fisk og villsau. Oppstarten av verksemda Solundmat har engasjert mange i lokalsamfunnet i Solund. Til saman er det 57 eigarar i dette selskapet, deriblant lokale bønder, fiskarar og andre. Øyvind Lending, dagleg leiar i Solundmat fortel at det er kjekt å ha lokalbefolkninga i ryggen når ein startar opp verksemd på ein slik plass som Solund, og han trur dette er noko av grunnen for at det har gått så bra som det har gjort. «Denne verksemda er ikkje berre «business», men det er også ei satsing på å auke antall arbeidsplassar på øya vår». I dag er dei heile 6 tilsette i verksemda. Råvarene til Solundmat kjem både frå hav og land, og dei ynskjer å gi kundane sine gode matopplevingar ved å bruk kjøt, fisk og andre råvarer som kjem frå Vestlandskysten. Dei får rykande fersk fisk frå havet inn i produksjonsanlegget deira. Denne fisken lager dei klippfisk, lutefisk og fersk filet av. Dei leverer også hummar når sesongen er inne for det. Av villsauen som beitar på kystlynghei lagar dei spekepølse, snackspølser, fenalår, smalahove og pinnekjøt. Pinnekjøtet har vorte ein «hitt», fortel Øyvind. Til dømes så har Kilstraumen Brygge sikra seg fleire hundre kilo pinnekjøt av Solundmat. Med andre ord er dei klare for julebordsesongen! Solundmat har også fått avtale med Coop Vest om å selje sine produkt i deira butikkar. Coop har i desse dagar innført eit større fokus på lokalmat og vel difor å ta inn fleire leverandørar som driv med det. «Dette har vore ein svært god avtale for oss, og vi har opplevd ein stor auke i salet etter at vi kom inn i Coop-systemet», fortel Øyvind. I den samband er også Arne Brimi inne som mentor for desse lokalmatprodusentane som er blitt ein del av Coop-systemet. Øyvind har fått møtt han fleire gonger, og han skryt av produkta til Solundmat, han meiner at produkta er av høg klasse. Salet av produkta går godt for Solundmat, og dei er gode på å marknadsføre seg i høve til nye leverandørar. Til dømes har dei både hotell, restaurantar og butikkar i Bergen og Oslo som sine kundar. «Vi ser at det er ei endring i markanden. Folk er i dag vorte meir bevisste på kva dei et og korleis råvarene er forvalta. Dette viser seg også igjen i kundane si velvilje til å betale litt meir for kvalitetsmessige varer. Det er kjekt å kunne oppleve denne trenden i samfunnet». Øyvind sel også varene til Solundmat på Bondens marknad både i Førde og Bergen. Av nyare karakter så har Solundmat deltatt i meisterskapet Mathandverk som blei arrangert i Åre i Sverige. Dette er eit stort meisterskap med over 100 lokalmatprodusentar til stades. Det var heile 500 produkt som skulle dømmast i 45 ulike matklasser, og av desse 500 var Solundmat sitt fenalår ein av to stykkar som fekk toppscore. Solundmat kan i dag klassifisere seg som nordiske meistrar innan produksjon av fenalår. Fenalåret stod til gull og fekk toppscore – med heile 20 poeng. Arrangementet er arrangert av Eldrimner Kompetansesenter for Mathandverk og det svenske næringsmiddelsverket.
Solundmat er eit godt døme på at verksemder kan vere meir enn berre «business», dei bidrar til engasjement, arbeidsplassar og vaksande næringsliv i lokalsamfunnet i Solund. Vi i Næringshagane for utvikling og vekst er stolte av å ha dykk som målbedrift hjå oss, og vi ynskjer dykk lukke til med fortsetjinga. |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om arrangement både i regi av næringshagen og andre. Arkiv
January 2019
Kategoriar
All
|