Foto: Tina Monslaup Denne veka går Innovasjonsuken OPP av stabelen i Hordaland. Ei veke kor ein skal setje temaet innovasjon i sentrum. Aktørar som oss og andre i innovasjonsverkemiddelapparatet kan i denne veka henge seg på å arrangerer temakveldar, kurs og seminar kor ein tar opp dette sentrale temaet på ein eller anna måte. Vi i Næringshagane for utvikling og vekst i samarbeid med Brønnøysundregistra arrangerte i den samanheng ein «Starte og drive bedrift-dag». Gårsdagen vart ein suksess! Heile 40 stykk deltok på arrangementet, der i blant gründerar, ferske bedriftseigarar, etablerte verksemder og andre. Formålet med denne dagen var å auke kompetansen rundt tema; lokal gründerhjelp! Deltakarane fekk her vite meir om kva vi i Næringshagen kan hjelpe gründerar og verksemder med, korleis starte og drive verksemd, domenenamn, registrering av patent, varemerke og design, val av selskapsform, namn på bedrift og registrering i Føretaksregisteret, marknad for produkt og teneste, skatt og mva., etablering, dagpengar, sjukepengerettigheiter, bank og finansiering, marknadsføring, rekneskap, samarbeidspartnerar og konkurrentar, og ikkje minst fekk dei moglegheit til å bygge nettverk. Gjestelista på Starte drive bedrift-dagen var framragande; Innovasjon Norge, Altinn, Brønnøysundregistra, Patentstyret, Sparebanken Vest, Norid, Føretaksregisteret, NAV, advokatfirmaet Magnus Legal, Sparebanken Vest, Argonville Media og Azets hadde møtt opp for å halde føredrag. Samlinga fant stad på vakre Kilstraumen Brygge, vertskapet som også er målbedrift hos oss heldt føredrag om korleis det er å drive verksemd, og korleis dei har klart å bygge opp ei verksemd med robust vekst. Vi er stolte over arrangementet som vart godt motteke av både deltakarar og føredragshaldarar, og vi håper at det kan inspirere fleire til å starte eiga verksemd, men også gjere det lettare for etablerte verksemder å drifte verksemda i framtida! Representert i panelet på gründerdagen Næringshagane for utvikling og vekst har også bidrege til fleire arrangement i Innovasjonsuken OPP. Høgskulen på Vestlandet arrangerte i går gründerdag for sine studentar. Denne dagen er ein del av faget; teknologileiing, økonomi og nyskaping kor studentane lærer om forretningsutvikling og innovasjon. Gründerdagen innehaldt føredrag frå Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling, som har ansvar for studententreprenørskap på høgskulen. Vidare var det føredrag frå både studentbedrifter og andre bedrifter. Ein stor del av arrangementet var basert på presentasjonar frå studentbedriftene, og deira bedriftsidear vart vurdert og behandla av eit panel. Næringshagane stilte med ein representant i panelet. Oppgåva vår var å komme med innspel og spørsmål til studentane sine «pitchar». Det er stas å få kunne delta i eit slikt panel med så mange dyktige og flinke aktørar! Andre i panelet var Connect Vest, Nyskapningsparken, Monhsenteret og Høgskulen på Vestlandet. Her fekk vi verkeleg nytta vårt fagfelt – bistand, råd og vegleiing til studentar som forhåpentlegvis skal starte opp eiga verksemd. Ideane som kom opp på denne dagen var kreative og unike! Vi ynskjer studentane lukke til med realisering av ideane i framtida. Vi heiar på slike som dykk! |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om arrangement både i regi av næringshagen og andre. Arkiv
January 2019
Kategoriar
All
|