Onsdag 9.mai vart det arrangert ei ny samling i regi av Smaken av Nordhordland, kor temaet var produsentar møter salsledd. Samlinga fant stad i vakre Kilstraumen Brygge. Formålet med samlinga var å kople saman produsentar og salsledd, for mogeleg nye samarbeid. Det var i alt 8 salgsledd som presenterte seg og sine behov; deriblant Restaurant 1877, Kilstraumen Brygge, Westland Hotell, Alver Hotell, KnarvikMila, REKO – ringen, Bondens Marked og Matkollektivet. Etter mat fekk vi presentasjonar frå 12 produsentar, som fortalte om sin produksjon og korleis dei vil selje varene sine; Sandra Herøy, Sande Gardsmat, Bratshaug Høylandsfe, Frøyset Gardsmat, Mikrogrønt AS, Solen Gard, Nordre Solen Gard, Øyvind Ullestad, Radøystova, Nordhordland Fisk, Skøss’n Gard og Heimelagamat frå Pøylo. Dette vart ei utruleg kjekk samling med mange flotte presentasjonar, og moglegheiter for nye og gode samarbeid. Kokken Chriister Økland frå Restaurant 1877 i Bergen fortel at småskalaprodusentar har mykje bra å komme med når det gjeld råvarer til restaurantar i Bergen, og det er gode moglegheiter for desse produsentane som befinn seg i Nordhordland når det gjeld moglege samarbeid. Vi i prosjektet Smaken av Nordhordland er veldig interessert få kontakt med nyetableringar og folk som ynskjer å strate opp noko innanfor lokalmat, ta kontakt med oss i prosjektet og for meir informasjon. Mail:hildegunn@gmnh.no Tlf.: 48255530 |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om arrangement både i regi av næringshagen og andre. Arkiv
January 2019
Kategoriar
All
|