Næringshagane
  • Satsingsområde
    • Starte bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Om oss
    • Våre tenester
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg
      • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Handel
      • Kunst og kultur
      • Havbruk og maritim næring
    • Kontorplass/ møterom
  • Kalender
    • Påmelding
  • Aktuelt
  • Kontakt oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar

Starte og drive bedrift dagen

18/9/2017

Comments

 
Picture
Dato: 26. september   |   Tid: 08.00 - 15.00   |   Stad: Kilstraumen Brygge, Austrheim

Brønnøysundregistrene, Patentstyret og Norid har, i samarbeid med øvrige aktørar frå virkemiddelapparatet, gått saman og reist Norge rundt for å inspirere deg som ønskjer å etablere ein bedrift, slik at du får nyttig og viktig informasjon når du er i startgropa. No tar dei turen til Næringshagane med Starte og drive bedrift-dagen på Austrheim.

Det handlar om nokon timar tirsdag 26. september, med mange korte innlegg. Det blir tid til å mingle og prate med likesinna og med tenesteleverandørar. Du får moglegheit til å lære mykje nytt, samtidig som du kan treffe mennesker som kan hjelpe deg å nå måla dine.

Sentrale tema:
  • Gode tips for å få ein god oppstart
  • Case - ein nystarta som fortel om sine erfaringar
  • Få inspirasjon til å våge og ta steget
  • Utvid ditt nettverk og treff andre som tenker å starte eigen bedrift
  • Mykje nyttig informasjon også for dei som nyleg har etablert eigen bedrift

Vi ønskjer at du ved å delta skal få så mykje relevant informasjon som mogleg - frå val av navn og organisasjonsform, til kva du bør ha med deg i veska når du kontaktar banken, om skatt, moms, arbeidsmiljø, patent, om alle hjelpetilboda i Altinn, med meir.

Sjølvsagt lærer du ikkje heile prosessen på éin dag, men du skal få nok informasjon til å vite det viktigaste, som kva du må tenke nærmare på og kven du kan kontakte.
I tillegg får du moglegheita til å treffe foredragsholdere og Næringshagane som kan hjelpe deg i den fasen du er i via personlege møter.

Kom på kurs og lær kva du bør tenke på når du skal starte eigen bedrift!

For kven? Dette arrangementet er for deg som ønskjer å etablere ein bedrift og treng informasjon om kva du bør tenke på. Men også relativt nystarta føretak kan ha stort utbytte av dette. Det viser tilbakemeldingane vi har fått etter fleire tilsvarande arrangement.


Program
08.30 Oppmøte og registrering
08.55 Velkommen og praktisk info
09.05 Eg starta for meg sjølv – Kilstraumen Brygge fortel om si reise frå idé til oppstart og drift
09.45 Lokal gründerhjelp v/Næringshagane for utvikling og vekst
10.00 Marknad for produktet/tenesta v/Innovasjon Norge
10.15 Altinn Starte og drive bedrift informasjonsportal

10.30 Pause - velkommen til mingling og nettverksbygging

10.50 Domenenamn – ein smart start v/Norid
11.10 Val av selskapsform, namn på bedrifta og registrering v/ Føretaksregisteret
11.20 Patent, varemerke og design v/Patentstyret
11.35 Kort om skatt og mva for næringsdrivende v/Magnus Legal
11.50 Etablering, dagpengar, sjukepengerettigheiter v/NAV

12.05 Matbit/kaffi - velkommen til mingling og nettverksbygging

12.45 Bank/finansiering v/Sparebanken Vest
13.00 Marknadsføring av bedrifta v/Argonville Media
13.15 Føre eige rekneskap eller sette det bort til profesjonelle v/Azets i Bergen
13.30 Skaff deg informasjon om samarbeidspartnarar og konkurrentar v/Brønnøysundregistera
13.45 Oppsummering, nettverksbygging, personlege avtalar med føredragshaldarane og Næringshagane. Moglegheit for å mingle.
14.30 Avslutning

​Kurset er gratis!

​Velkommen på kurs!

​
Påmelding
Comments

    Kva skjer

    Her finn du interessant informasjon om arrangement både i regi av næringshagen og andre.

    Arkiv

    January 2019
    December 2018
    November 2018
    October 2018
    September 2018
    August 2018
    July 2018
    June 2018
    May 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    December 2017
    November 2017
    October 2017
    September 2017
    August 2017
    July 2017
    June 2017
    May 2017
    April 2017
    March 2017
    February 2017

    Kategoriar

    All
    KompetanseFORUM
    Ledige Stillingar
    Månadens Bedrift
    Medlemssamling
    Nyhende

    RSS Feed

  • Satsingsområde
    • Starte bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Om oss
    • Våre tenester
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg
      • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Handel
      • Kunst og kultur
      • Havbruk og maritim næring
    • Kontorplass/ møterom
  • Kalender
    • Påmelding
  • Aktuelt
  • Kontakt oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar