Næringshagane
  • Satsingsområde
    • Starte bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Om oss
    • Våre tenester
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg
      • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Handel
      • Kunst og kultur
      • Havbruk og maritim næring
    • Kontorplass/ møterom
  • Kalender
    • Påmelding
  • Aktuelt
  • Kontakt oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar

Starte og drive bedrift- dagen 2018

28/9/2018

Comments

 
Picture
Årets Starte og drive bedrift- dag gjekk av stabelen 18.september på Kilstraumen brygge. Her fekk dei frammøtte mykje god informasjon knytt til oppstart og drifting av eiga verksemd. og høve til ein hyggeleg prat og eit godt måltid mat med deltakarar og foredragshaldarar. 

Konseptet er utvikla av Signar Slåttøy, mangeårig medarbeidar i Brønnøysundregisteret. I år er det 2. år på rad at Næringshagane er samarbeidspartnar for gjennomføring av arrangementet i regionen vår. 

Picture
Per Lerøy, ordførar i Austrheim, stod for opninga og avslutninga av arrangementet.

EIT BREIDT SPEKTER AV FOREDRAGSHALDARAR
Dei frammøtte fekk høyre gründerhistoriane til Kenneth Birkeland frå Norva 24 og Trude Isdal Fosse frå Tveiten bær og gardsprodukter, i tillegg til å høyre og snakke med aktørar frå lokalt virkemiddelapparat; Nordhordland næringslag, Industriutvikling vest, Gulen og Masfjorden utvikling og Næringshagene for utvikling og vekst og Sparebanken vest, og frå nasjonalt virkemiddelapparat: Altinn, Patentstyret, Norid, Brønnøysundregisteret, Innovasjon Norge, Skatteetaten og NAV. I tillegg deltok Kjell Ulvatn frå reknskapsbyrået Hagel D med eit interessant om reknskapsføring, og Tobby Sander Tomassen frå Osterøy Utvikling avslutta det heile med eit engasjerande innlegg om marknadsføring. ​

Mange hadde møtt fram for å få med seg mykje nyttig informasjon knytt til etablering av eiga verksemd. 

LOKALE GRÜDERAR IMPONERTE
Kenneth Birkeland, dagleg leiar i Norva 24 imponerte forsamlinga med historia si. Han  fortalde frå tida da han som 16-åring starta eiga verksemd og fram til i dag er leiar for eitselskap som har omsetjing i hundremillionerkronersklassen. Kenneth er levande oppteken av utvikling og vekst, og hinta frampå om at dersom det var nokre med gode idear i regionen så kan det være moglegheiter for økonomisk bistand om dei har trua på ideen og ikkje minst personen bak.  

Trude Isdal Fosse frå Tveiten Bær og Gardsprodukter har brøyta veg i eit noko anna terreng enn Kenneth frå Norva 24. Med utgangspunkt i eiga interesse for jordbruk driv Trude  no på framifrå vis gardsbutikk på familiegarden i Alversund. Her sel ho eigenproduserte bringebær, syltetøy, brød og bakervarer, i tillegg til andre lokale produkt frå andre lokale produsentar. Til forsamlinga kunne Trude fortelje at vegen frå oppstart til der ho er i dag har innehalde det meste av prøving og feiling, beinhard jobbing, ned- og oppturar, men at det har vore vel verdt det. Forsamlinga satt lydhøyre medan Trude på engasjert vis formidla si historie og me er mange som gler oss over den positive utviklinga ho og selskapet hennar opplever.
​

ORDFØRAREN VAR MED
Det ordføraren i Austrheim opna og var tilstades under heile arrangementet var det mange som sette stor pris på. 
- For Austrheim og regionen som heilheit er det strålande at Næringshagane arrangerer ein slik dag med fokus på entreprenørskap, utvikling og vekst, seier Per Lerøy. - I vår region har me hatt stor glede og nytte av Mongstad og all aktivitet som raffineriet har generert og fortsatt genererer, men me ser heilt klart at det er viktig å skape eit enda meir balansert næringsliv framover slik at me er best mogleg rusta til å møte det som venter, spesielt med tanke på det mykje omtalte grøne skiftet. I vår region er her mange muligheter og potensiale, ikkje minst med tanke på Fensfjordbassenget, både til sjøs og på land. Me ønsker nye tankar og idear velkomne, kom gjerne og snakk med oss om du har gode idear, så vil kommunen hjelpa der me kan, avsluttar han. 
Picture
Frå venstre: Eldbjørg Ness, forretningsutviklar, Per Lerøy, ordførar i Austrheim, og Kate Bentzen, dagleg leiar i Nordhordland Næringshage. Veronica Haveland, dagleg leiar for Gulen og Masfjorden Næringshage var ikkje tilstades da biletet vart tatt.

Næringshagane takkar så mykje til alle som bidrog til eit vellukka arrangement. 

Tekst: Eldbjørg Ness     Foto: Tina Monslaup  
Comments

    Kva skjer

    Her finn du interessant informasjon om arrangement både i regi av næringshagen og andre.

    Arkiv

    January 2019
    December 2018
    November 2018
    October 2018
    September 2018
    August 2018
    July 2018
    June 2018
    May 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    December 2017
    November 2017
    October 2017
    September 2017
    August 2017
    July 2017
    June 2017
    May 2017
    April 2017
    March 2017
    February 2017

    Kategoriar

    All
    KompetanseFORUM
    Ledige Stillingar
    Månadens Bedrift
    Medlemssamling
    Nyhende

    RSS Feed

  • Satsingsområde
    • Starte bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Om oss
    • Våre tenester
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg
      • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Handel
      • Kunst og kultur
      • Havbruk og maritim næring
    • Kontorplass/ møterom
  • Kalender
    • Påmelding
  • Aktuelt
  • Kontakt oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar