Det vert stadig enklare å opprette, drive og avvikle aksjeselskap. I dag er det krav om minst kr 30 000 i aksjekapital, men i skrivande stund vurderer lovgjevar å redusere kravet til minste aksjekapital til éi krone. Andre forenklingar i aksjelova er også på trappene. Mange som driv verksemd gjennom eit enkeltpersonføretak kunne hatt fordelar av å drive verksemda si i aksjeselskapsforma. Ved å følgje oppskrifta i skattelova, kan ein skattefritt omdanne eit enkeltpersonføretak til eit aksjeselskap. I nokre tilfelle treng ein ikkje gå vegen om ei omdanning, ein kan overføre verksemda til eit nytt selskap på andre måtar. Røynde advokatar vil gå gjennom reglar om skatt, risiko og generelle fordelar og ulemper ved ulike selskapsformer. Praktisk informasjon Dato: 19. april 2017 Tid: 11:00-12:30 Sted: Vidsyn, Sløvåg Deltaking på lunsjseminaret er gratis, men av praktiske årsaker ber vi om påmelding innan 18. april 2017 til epost: synnove@magnuslegal.no Vi legg opp til ei uformell samling der det vil verte gode høve til diskusjon og spørsmål. Det vert servert lunsj og kaffi. Velkomne! |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om arrangement både i regi av næringshagen og andre. Arkiv
November 2019
Kategoriar
All
|